Fagskole

Fagskolen i Hordaland

Arboristutdanninga er ei deltidsutdanning over 2 skoleår (60 studiepoeng). Du får opplæring mot arboristyrket gjennom teori/førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skole, prøvar/ testar og praksisdagar. Skolen bruker gode lærarar frå fagmiljøet i Noreg. Utdanninga startar opp igjen hausten 2020.
Det blir samlingar på skole om lag ei veke kvar månad, dei fleste samlingane er på Hjeltnes, men nokre samlingar blir lagt til andre stader. I tillegg til opplæring i skole, må du ha praksis i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker praksis i bedrift, det andre året 7 veker praksis.
Du som student må sjølv skaffa deg praksisbedrift.
 
Stad: Hjeltnes, Ulvik i Hardanger
Meir informasjon om utdanninga: www.fagskulen.no
Søk via: Samordna Opptak: www.samordnaopptak.no
 
Emna i utdanninga omfattar:
Klatreteknikk
Trebiologi
Vekstfaktorar
Trepleiefag
Trevurdering
Dendrologi
Skadegjerarar
Bedriftslære
Sjå meir om utdanninga: https://www.fagskulen.no/studietilbod/Studietilboda-vare/grone-og-gastronomiske-utdanningar/arborist/
Hjeltnes har internat som du kan bu på under samlingane i Ulvik.
Litt historie:
Initiativet for å få ei offentleg godkjent utdanning for arboristar i Norge, kom frå Norsk Trepleieforum avdeling Vest til Hordaland Fylkeskommune. Fylkeskommunen, Norsk Trepleieforum (NTF) og Hjeltnes starta arbeidet med planlegging av studiet i 2006 og i 2009 kom godkjenninga frå NOKUT (Norsk Organ for Kvalitet i Utdanning). Studiet starta opp hausten 2010, på Hjeltnes, Ulvik i Hardanger, og har på dei 4 første studentkulla utdanna 56 arboristar!

Studentkull 2020-2022