Nytt opptak våren 2012
Det vert nytt opptak til til arboriststudiet ved Hjeltnes fagskule, søknadsfrist 15. april 2012. Oppstart september 2012, forutsett at det vert nok søkarar.

Fagskuleutdanningar er yrkesretta vidareutdanningar, som byggjer på fullført vidaregåande opplæring. Arboristfagutdanninga er eit studie tilsvarande 1 år på fulltid, som me tilbyr over 2 skuleår. Det vert samlingar på skulen kombinert med praksis i bedrift. 1. skuleår er det 10 vekesamlingar i skule og 5 veker praksis i bedrift. 2. skuleår vert det 9 veker i skule og 7 veker i bedrift.